Velkomen                       Norsk English Deutsch Español Polski Português Ελληνική Suomi Русский 日本語 中國 Nederlands Français

 

Her finn du foto og stoff om  friluftsliv, med vekt Svalbard, Jan Mayen, Antarktis, Sunnmøre og litt anna.
 

 

Antarktis

Troll stasjon

Bistasjonen Tor

Friluftsliv

Mørketid

Shelfen

Trolltind-traversen

Risemedet

 

Sunnmørsalpane

Info

Favorittar

Ruter

Grøndal til Hellesylt

Svalbard

Segltur til 80 grader nord

Skitur på langs

Gummibåt langs kysten

Polsk stasjon i Hornsund

Organiser din eigen tur

 
Jan Mayen

Vulkanøya Jan Mayen

Vulkanen Beerenberg

Beerenberg Expeditie

Segltur til Beerenberg

Føringstur til Beerenberg

Beerenberg 2010

Del på Facebook  
   

 

 
Hjørundfjorden rundt
 

 

Denne alpine rundturen
går gjennom det beste av  Sunnmørsalpane.

 

. Artikkel:

 

 

 
On the road again 

 

68 år, med ei stålhofte, med den andre klar for skifte, og med operert kne er mor på tur. På sykkel frå Ystad til Kirkenes.

Ho veit kva ho gjer, då ho var 60 sykla ho ein utvida
Norge på langs. Far var på langtur då han var 70. Han gjekk 77 mil på den spanske Pilgrimsveien
     
     

Sørsommaren 08-09

 

Vi i transportgjengen jobba ved Troll mellom turane til Shelfen. Les.

IPY-Traversen starta frå Sørpolen og kom til Troll ved sesongslutt.

 

Grønland 09

 

Segltur frå Island til Grønland.

Ein flott tur med hyggeleg gruppe. Foto:

 

Runar ved Borea  Adventures har laga turrapport med flotte foto: Greenland report.

     
     

Odd nyt utsikta på veg tilbake langs krateretFøringstur til Beerenberg

Vi segla frå Island til vulkanøya Jan Mayen.

Flotte opplevingar, men høgdepunktet kom då vi sto på Haakon Vll Topp i midnattsol. 
 
Oppdatert 26/11-08. Artikkel i Summitpost.

 

Tur på Troll

 

To av høgdepunkta frå "Troll Fjellsport". Vi gjekk ei ny rute til Trolltind og hadde første bestigning av Risemedet.
Artiklar av Ola Storrø og Trond Løvdal.

Trolltind-traversen

Risemedet.

     
     

Med to skrog til Svalbard.  -  artikkel i Seilmagasinet

 

Artikkelen skildrar turen med katamaranen Káti, og gir reisetips for Svalbard.

 

Ombord i båten var kaptein Ask Økland, Nicolay Gudmestad, Monika Larssen og eg. Turen gikk til Bjørnøya, og langs vest og nordsida av Spitsbergen til vi møtte isen ved øya Moffen på 80 grader nord. Vi bada mellom isflaka og fekk nærkontakt med kvalrossen før vi begynte returen til Bergen.  Meir:

 
     
     
Splitboard

Ha moro på top
ptur.

Med to halve snowboard kjem du greitt til topps, mens du ser fram til nedturen.

Splitboard

 

 
Kreativ hytte-til-hytte i Sunnmørsalpane  - Artikkel i Sunnmørsposten

 

Skituren Grøndal - Glimmerdalshytta -Tyssenaustet - Hellesylt kan bli ein klassikar. Ein lett og to tunge dagar tar deg over stadig større fjell. Bu i den særeigne Glimmerdalshytta og hos DNT i Tyssenaustet. Rute:

     
     

 Foto frå Nevado Sajama.

 

Denne turen gjorde vi i 1996. - Toppen var ikkje vanskeleg, men det var langt og tungt i tynn luft.

 

Sajama er med sine 6542 meter det høgste fjellet i Bolivia. Vi hadde leirar ved 4800 og 5600 meter. Galleri

 

 
Haute Route

Er ein klassisk vårskitur, frå Chamonix i Frankrike til Zermatt i Sveits. Ruta går i fantastisk landskap, mellom dei høgste fjella i Alpane.

Tidleg opp, tunge bakkar og endelause nedrenn. På denne turen var vi innom tre land.

Vil du sikre suksessen kan du bli med "mister Haute Route", Anders Bahr.  

    
    
Favorittar

 

Eit sakte veksande utval av turar og raritetar som ikkje finnes i rutebøkene.

 

Eller som rett og slett er ekstra flotte.

 

Favorittar:

 

 

Fin Padling

Olav Håvik er ikkje skvetten på ski, så når han snakkar om fine padleturar bør ein forstå kva det betyr.. Dette er tøft!

Jordalselva.avi  (25Mb)

Høgreklikk for å laste ned. Video utlånt av Braindead. - Som har ei flott padleside.

     

 

 

 

     
 
 
 
Johan Hustadnes, Vidjeveien 13b, 6100 Volda, Norway    Email: johan @ hustadnes.net      Mobil: +47 98259016
 
Sidene er laga for oppløysing 1024*768, helst større.