| |||
Beerenberg
Beerenberg er Norges ukjente vulkan og landets suverent største fjell. Med den bredekte vulkankjegla og det enorme krateret er fjellet eit imponerande syn der det ruvar 2277 meter over Nordishavet.
Sentralkrateret er ein kilometer breitt og fylt av is. Det dampar av bresprekker der Weyprechtbreen sprengjer seg ut av krateret og startar sin lange veg til havet.
Turmål For fjellfolk er Beerenberg eksotisk. Få andre enn stasjonsbesetninga får sjansen til eit besøk, sidan det krev eigen transport til Jan Mayen. Når ein først er der treng ein berre godt vær. Vidar Teigen har ei fyldig side om Beerenbergbestigninger. Normalrute Det er lett stigning frå Ekrolldalen bak Eggøya til ein når Kronprins Olavs bre ved 600 meter. Frå 1100 meter kan der vere sprekker, så tauet må på etterkvart. Det er minst sprekker på høgre sida av breen. Ovanfor landemerket Nunataken er der mykje sprekker, sidan denne fjellknausen deler breen. Det kan variere, men ein kan unngå mykje ved å ta til venstre eit stykke før Nunataken. Opp Bratthenget tar ein ulike vegar, alt etter forholda. Om ein går ut på fjellryggen til venstre blir det bratt, men ein går ikkje på bre, og ruta er flott. Slik kjem ein opp like ved høgste punkt, Haakon ll Toppen og bør ta bryet med å nå den. Har ein overskot er det flott å fortsette langs krateregga og ned andre sida av Bratthenget. Nordsida Er utilgjengeleg utan båt, og er truleg gådd berre ein gang, av "Pure adventure". Det er i alle fall den einaste skibestigninga! Ein kjem opp på "Hakluyt-toppen, til venstre på foto med motsol.Andre ruter Det er masse ugjort på Beerenberg! Ingen har gått ned i krateret, og heller ikkje heilt rundt, sjølv om vi nesten gjorde det på vår Segltur. Går ein rundt bør det vere greitt å fullføre traversen med å gå ned på motsatt side. Det ville være litt av eit prosjekt å gå opp Norges høgste brefall, Weyprechtbreen til krateret, men det er nok ikkje enkelt! | ![]()
| ||
![]() | |||
| Krateret | |||
|
| |||
| |||