Expeditie

Var heldig og fekk bli med Dutch Historical Expedition FoundationJan Mayen Beerenberg Expeditie 97.

Dei hadde eit kommersielt opplegg der dei skulle bestige ein "Nederlandsk vulkan". Hadde ein fantastisk tur med ein hyggeleg gjeng. Forsto etterkvart litt nederlandsk og..

Vart spurt om å lage ein artikkelen for Volcanoworld. Den ligg her: An expedition to Beerenberg

Teksta er lang. Dette er kortversjonen:

Starta frå Gamlemetten i lave skyer som vi kom gjennom allereie på 600 meter. Deretter knallvær. Vi telta ved Birdkollen og gjekk til topps om kvelden. Ski til Nunataken. Deretter masse sprekker, alle var gjennom, dei fleste to gangar kvar. Var på kraterkanten i midnattssol, utruleg flott utsikt. Spesielt fint lys. 

Kom ned til teltet om morgonen, sov utover dagen og køyrde ski ned att. Koos tryna i dalen ovanfor Nord-laguna og skadde ankelen. Han tvinga seg til å gå tre kilometer til Kolstad-skjeringa der vi vart henta av PP med Gelendewagen. Kom direkte til Jonsokfest i Båtvika, mellom anna med eit digert bål. Viste seg seinare at Koos hadde brote eit bein i ankelen. Han hadde ikkje godt av å gåinga og hadde heller ikkje utbytte av seks dagar segling til Bergen...

Gjengen kom frå Nederland vinteren etter, for å vere med oss på Jostedalsbreen. Vart styggevær, så vi omdirigerte til Jotunheimen.

Roland, Ton og Johan på kraterkanten

 

 

 

 

 

Krateret i midnattsol. Det er 1800 meter ned til skyene

 

Mellom bresprekker over Nunataken

 

Koos Van Rangedrooy i Bratthenget.   

 

Roland, Ton og Koos hugsar sponsorane

Fjella på Sør-Jan blir små. Rudolftoppen er 769 meter.