Reise dit?
ikkje så lett. Det går ikkje organisert transport dit, og stasjonen har ingen funksjon i forhold til turistar.
Du må altså klare deg sjølv.
Oceanwide Expeditions har eit cruise Island - Jan Mayen - Svalbard . Då får du eit par dagar med strandhogg på øya, men du er lite sjølvstendig så om Jan Mayen er hovudmål blir det litt knapt.
Om du reiser på eigen hand må du ta kontakt med Politiet i Bodø. Lensmannen har forvaltningsansvar for øya og skal godkjenne turopplegget.
Det hender fiskebåtar legg til land, men å haike er vanskeleg, for dei jobbar ikkje etter faste datoar. Du får neppe lande på "Jan Mayensfield" med fly, og det er dessutan svært dyrt å leige eit med nok rekkevidde.
Seglbåt!
Skal det bli skikkeleg tur bør du ha eigen transport, og det betyr i praksis ein seglbåt. Ein motorbåt må vere stor for å ha nok rekkevidde, og det blir dyrt. Seglbåtar har derimot stor rekkevidde og er svært trygge. Dessutan har eindel båtfolk ambisjonar om langtur, så det er mulig å lage eit spleiselag.
Om ein seglar frå Norge er det nesten likegyldig om ein startar på Sunnmøre eller i Nord, for Jan Mayen ligg vinkelrett på norskekysten. Ein må rekne med 5-6 dagar ein veg, rundt 1200 Km, så med ti dagar segling bør ein unne seg minst fem på øya.
Det er fint å telte og brenne bål av rekved på strendene, og du kan gå mange flotte turar på Sør-Jan, så det er ikkje nødvendig å henge seg opp i Beerenberg. Det kan være vanskeleg å finne vatn, så tenk på det før du går i land.
Jobbe der!
Eller få deg jobb på vêrstasjonen. Det blir store endringar på øya dei neste åra, men der vil nok vere folk frå Meteorologisk Institutt, og kanskje andre.
Det er Vêrvarslinga for Nord-Norge som driv stasjonen. Slik presenterar dei Jan Mayen.