Fakta Jan Mayen ligg vest i Nordishavet, 600 Km frå Island, 500 frå Grønland og 1100 frå Norge. Slik natur finn ein ikkje andre stadar i landet.NaturDet barske landskapet er dominert av svarte klipper og lavastein, nedgrodd med knallgrøn mose. Sør-Jan er eit underleg fjellandskap med mange småkrater, storkna lavastraumar og slagghaugar. På Midt-Jan er øya nesten delt av eit laguneområde, mens den største delen, Nord-Jan, består av vulkanen Beerenberg. Den totale lengda er 53 kilometer, og arealet er 380 kvadratkilometer. Klimaet er arktisk maritimt med hurtige vêrskifte. Vinteren er kald og forblåst og om sommaren er øya heimsøkt av tåke. På dei mange dagane med snøfokk, regn eller tåke ser alt ut til å være svart, grått og dødt. Men også slikt vær kan ha sin sjarm, og når det skin opp kan ingenting måle seg med dei sterke fargene, lyset og det spennande landskapet. Der finnes ikkje dyr, bortsett frå sel, sjeldne besøk av kvalross. Nokre meiner der finnes polarrev. Isbjørn var gjerne på besøk tidlegare, men med mildare klima har isgrensa trekt nordover og den har ikkje vist seg sidan 1990. Likevel må ein være førebudd på besøk dei åra isen omsluttar øya på seinvinteren. Fuglelivet er derimot rikt, med millionar av hekkande sjøfugl. Stort sett alle dei arktiske artene er på plass. I Nord-laguna lever ein spesiell røyebestand som har vore isolert på øya i over tre tusen år. I tillegg til den spesielle naturen finnes det mange kulturminne som viser den menneskelige aktiviteten heilt tilbake til kvalfangstperioden på seksten-hundretalet. Turmuligheiter: Masse! Beerenberg er ei sak for seg, men heile øya byr på uvanlege turopplevingar, og innanfor dei fem mila varierar utsikt og natur veldig. På heimesida til Jan Mayen ligg ei fin oppsummering: Turmuligheter. Her er link til ein tur eg gjorde med Sven Vesterhus: Telttur til Weyprechtbreen. Historie Jan Mayen kan ha vore besøkt allereie på 500-talet. Irske munkar kom til ei svart øy med mange ”smier” der djevlar kasta eldkuler og det var eit forferdeleg bråk. Dei hadde nok aldri opplevd ein vulkan i utbrot. Ein trur og at vikingane brukte Beerenberg som seglmerke mellom Island og Svalbard sidan fjellet er synleg frå over 300 Kilometers avstand. I 1614 vart øya gjenoppdaga og fekk namn etter nederlendaren Jan Jacobs May. Deretter dreiv nederlandske og engelske kvalfangarar hektisk aktivitet i nokre tiår. Dei låg stadig i strid, men til slutt var bestanden av grønlandskval så redusert at konflikten løyste seg sjølv. Vinteren 1633-34 skulle sju nederlendarar overvintre for å passe stasjonen. Dagboka fortel om ein mørk, kald og trist vinter. Alle vert råka av skjørbuk og blir etter kvart sengeliggande. Når båtane kom tilbake i Mai var alle døde. På 1800-talet dreiv norske båtar seljakt ved øya og i det første Internasjonale Polar år, 1882, hadde ein Austerriksk ekspedisjon Jan Mayen som base i eit heilt år. Dei gjorde mange vitskapelige undersøkingar og lagde det første skikkelege kartet over øya. Rundt 1900 byrja norske pelsjegerar å overvintre for å jakte polarrev. Denne fangsten var veldig lønsam fordi skinnet hadde ein spesiell blå farge og vart godt betalt. Men reven vart etter kvart utnytta så hardt at ein frustrert fangstmann noterte at ”Her er fleire fangstfolk enn rev”. Bestanden tok seg dessverre aldri opp igjen og det er lenge sidan den siste sikre observasjonen. Jan Mayen vart norsk i 1922, etter å ha vorte okkupert av Meteorologisk Institutt. Stasjonen var viktig for å varsle stormar på vei mot Norge i ei tid uvær ofte kom uventa på fiskeflåten. ”Metten” har vore plassert ulike stadar på øya. Eldste Metten som var bygd i 1922 låg mellom småkratra i det sandfylte og dystre Månelandskapet. Etter krigsutbrotet i 1945 vart stasjonen brent før besetninga evakuerte, men det viste seg fort at observasjonane var viktige, så neste år kom førti norske soldatar frå England for å gjenopprette værtjenesta. Dei vart stadig utsette for tyske flyangrep, og for ein gangs skuld var folk glade når ishavståka la seg. Øya var den einaste delen av Norge som ikkje vart okkupert. Etter krigen bygde vêrvarslinga Gamlemetten, som vart flott plassert ved Nord-laguna. Gamlemetten er restaurert og vert brukt som hytte for besetninga. No ligg Metten ved hovudstasjonen ”Olonkin City” som vart oppretta for navigasjonssystemet Loran C i 1959. Dagligliv Jan Mayen er svært isolert der den ligg i ishavet, 1100 kilometer frå Norge, 600 frå Island og 500 frå Grønland. Øya har ingen fastbuande og ingen offentleg transport. Forsyningane vert sende kvar andre månad med forsvaret sine Hercules fly. Det finnes ingen hamner, så dei to båtane som leverer olje og forsyningar om sommaren må køyre seg opp på ei strand for å lossa. Av besetningen på atten jobbar fire ved den meteorologiske stasjonen og fjorten ved forsvaret sitt navigasjonssystem Loran C. Alle dei engasjerte er sivile, så stasjonssjefen er den einaste militære på øya. Han er dessutan øya sin politimeister. Folk blir tilsett for 6 månader, men ved Loran C kan ein søkje om utviding til eit år. Isolasjonen stiller krav til sosial legning og forholda er tilrettelagde for at folk skal trives. Fritida vert brukt til turar, trening, kino, TV, barkvelder, og diverse hobbyar. Mange får et sterkt forhold til øya og søkjer seg tilbake gang på gang. |