Asbjørn Hustadnes

Min Camino

Det måtte verte no eller aldri: Ein lenge påtenkt pilegrimstur i Spania skulle gjennomførast. Til hausten fyller eg 70, og kan vel ikkje rekne med at kreftene aukar med åra. Så frå sommaren 2006 trena eg på å gå, og ut på våren 2007 hadde eg gått nesten like langt som den planlagde turen, oftast med ein 12 kilos sekk på ryggen.

Eg hadde tenkt å gå åleine, men då ein god ven, Erling, spurde om han kunne vere med, sa eg ja. 2. påskedag 2007 reiste vi med nattbussen til Oslo, med fly vidare til Frankrike neste morgon.

Pilegrimsvegen

Målet for vandringane i Spania er katedralen i Santiago de Compostela. Fleire ruter fører dit, men den mest brukte startar i Frankrike og går over høglandet i Nord-Spania. Nokre startar i Le Puy, ca 50 mil inne i Frankrike. Mange startar i St.J ean Pied de Port ved foten av Pyreneene, berre nokre kilometer frå den spanske grensa. Det gjorde vi. Og 768,2 km. låg framfor oss.

Dei som ikkje vil gå fullt så langt, kan starte i Pamplona, i Burgos eller Leon, som er dei tre store byane ruta går innom, eller for så vidt kvar som helst. Mange deler opp turen, tek eit par veker for året. Turarrangørane, som køyrer bagasjen med buss, nøyer seg gjerne med 100 – 150 km.. Busspassasjerar får ikkje seng på herberga, og må bruke hotell. Ein får pilegrims-sertifikatet om ein går minst dei siste 100 kilometrane.

 

Ruta vert kalla Caminoen, som heilt enkelt tyder vegen. ( offisielt Camino Francés , for å skilje den frå Camino del Norte , som går nær kysten og er mykje mindre brukt). Vegen har vore i bruk i  ca 1 000 år. Beina av apostelen Jakob vart på underleg vis funne i ei grav i området, erkebiskopen garanterte at dei var autentiske, og Santiago vaks fram. I dag ligg beina i ei gullforgylt kiste i ei krypt under katedralen.

Vi starta ved foten av Pyreneane, og måtte fyrst over dei. Den vanlege ruta går over Napoleonspasset, 1480 m. høgt, men denne var stengd, for di der enno låg djup snø. Så vi gjekk over eit pass på ca 1050 m, merka som alternativ rute.  

Vegen fylgde stiar, traktorvegar, bygdevegar, gangvegar ved sida av store trafikkårar, og stykkevis vegkanten på vanlege bilvegar.  Vegdekket varierte. I turt ver var det oftast greitt å gå, endå om pukken på  dårleg grusa bygdevegar kunne vere svært vond for såre føter. Men når det regna, og leiren på stiane løyste seg opp og vart depel, som stundom var djup og glatt, og stundom berre klabba under støvlane, vart det  strevsamt. Vegen går oftast nær kyrkjene, og etter som landsbyar ofte ligg på ås-toppar, og kyrkja ligg på høgaste punktet i landsbyen, vart det mange mot og unnabakkar.

Vi gjekk for det meste på 6 – 800 m. høgd over havet, men eit par gonger var vi opp mot 1500 m., og fleire gonger på 1200. Den brattaste unnabakken hadde ca 1000 m. nedstigning. Om lag halvvegs brukte vi 4 –5 dagar over Mezetaen, ei grøderik slette med veldige marker og åkrar. Ein av desse dagane var tyngste bakken undergangen under ei jarnvegsline.

Vegen er merka, med steinar med påstøypt kamskjel ( Caminoen sitt symbol, som også alle pilegrimar har festa på ryggsekken), og med gule piler måla på steinar, murar, trafikkskilt, eller rett på asfalten. Stundom var målinga falma, og stundom var tankane ute og vandra, slik at eg oversåg ei pil som fortalde at her skulle skiftast retning. Så vegen vart i praksis noko forlenga.  

 

Folk langs vegen

Vi registrerte oss på startpunktet, og fekk ”pilegrimspasset” stempla på overnattingsplassane, men vandra heilt på eiga hand. Folk nådde oss att, eller vi nådde dei att. Nokre ord avslørte  om vi kunne snakke eit språk båe forstod, og kunne vi det, kunne vi slå fylgje eit stykke. Det var nokså vanleg med dagsetappar på ca 25 km, og slik vart det ofte same folka vi gjekk saman med nokre dagar, og  overnatta saman med. Eg kan best engelsk, men prøvde meg ein del på tysk, Erling snakkar godt fransk. Det var  meir nyttig enn engelsk, for der var mange franske, og dei kan stort sett ikkje engelsk. Tyskarane, som og var godt representerte, kunne ofte litt engelsk. Men vi møtte mange engelske, italienarar, amerikanarar, nederlendarar, ikkje så få frå Australia, og to japanarar. Og så var der sjølvsagt mange frå Spania. Bortsett frå Island møtte vi fleire frå alle dei nordiske landa. Samtalen gjekk ofte på problem med føtene, og andre daglegdagse spørsmål. Men av og til vart samtalane djupare, og eg fekk eit glimt inn i mange  livssyn. Dei bygde  på kristendommen, men der var nokså mange som ynskte å marknadsføre ulike former for ”new age”-kristendom. Ein ung franskmann hadde laga seg eit eige system, der han t.o.m. hadde Odin og Tor med. Det var noko vanskeleg å fylgje hans utgreiing.

 

Overnatting og mat

Herberga varierte mykje, både i storleik og kvalitet. Det beste – og nyaste – hadde berre 2-sengs-rom. Dei fleste hadde sovesalar, som regel med køysenger. Den største salen vi sov på, hadde over 60 senger, og køysengene stod tett, slik at det vart dobbelseng både oppe og nede. Det vart då litt spennande  kven ein skulle dele seng med. Salane var felles for menn og kvinner, og det var ofte sanitæranlegga og. Men ein ven seg til alt -. Alle herberga hadde dusj, dei aller fleste med varmt vatn også.

Nokre herberge var direkte skitne, og det hende vi fekk råd frå ein vert om å gå forbi eit herberge. Andre var velstelte, og spesielt dei som var drivne av ulike organisasjonar. Der kunne ein også oppleve at vertskapet arbeidde aktivt for miljøet om kvelden. Dei fleste stadene var vertskapet berre bokførarar. Prisen for ei overnatting var gjerne 4 – 7 euro, 30 – 60 kroner, men ofte var det ”donativo”, ein la det ein ville på ei bøsse.

Nokre få herberge serverte frukost. Elles måtte vi gnage i oss ein turr brødskalk frå ryggsekken, om vi hadde hugsa å kjøpe. Starta vi tidleg, kunne vi gå nokså langt før vi fann ein open bar med frukost. Det gjekk mykje på store omelettar og ”Cafè con leche” (Kaffi med varm mjølk).

Om kvelden gjekk vi ofte på restaurant, der det gjerne var pilegrimsmeny til 7 – 8 euro. Når der ikkje var restaurant, kokte vi gjerne opp innhaldet i eit par hermetikkboksar på det enkle ”turistforeiningskjøkenet” som fanst på dei fleste herberga.

Og slik vandra vi i 32 dagar. Vi heldt sjeldan følgje heile dagen; det var meir interessant å gå åleine, og knyte kontakt med nye menneske. Dagsmarsjane varierte mellom 15 og 35 km, gjennomsnittleg ca 25. Dei fleste morgonar var vi ute av herberget mellom 7 og 8 . Etter som Spania ligg langt vest i vår tidssone, var det temmeleg mørkt i 7-tida, og sola stod opp litt før 8.

 

No Pain – No Glory

 Treninga med ryggsekk på førehand kom til  nytte. Musklane heldt, eg hadde berre litt vanleg gangsperre i starten og etter dei brattaste fjell-partia. Men  støvlane som eg hadde vore så fornøgd med, heldt langt frå mål når eg gjekk kvar dag, og dagsmarsjane oftast var det doble av det eg hadde brukt under treninga. Ein ting var at dei runda så av framme at stortåa la seg inn over dei andre tærne. Der vart gnagsår og blemmer, og eg måtte ha pakningar av Compeed mellom tærne. Det kunne gjere nokså vondt, og eg har mist fleire tånegler.

Verre var det at solane vart fuktige, og eg gjorde ikkje nok for å få dei turre dei fyrste dagane. Så etter fire dagar merka eg blemmer under fotballane. Eg trøysta meg til Compeed, spesialplaster for blemmer, og når blemmene voks, brukte eg større plaster. Det hjelpte ikkje lenge, og den 9.dagen, på ein etappe på nærare 35 km, var samanbrotet nær. Den 10.dagen tok vi det noko lettare, men om kvelden då eg fjerna Compeeden og fekk sjå tilstanden, var tanken på snarleg heimreise ikkje framand. Erling syrgde for fotodokumentasjon som kan synast til evt. tvilarar heime, og vi fann at her måtte store Compeed til. Men fyrst skulle såra desinfiserast. Nett i den augneblinken kom den reddande engelen, Ellen, forbi. Ho stansa, og uttrykte på københavnsk ei sterk von om aldri meir å få sjå noko så stygt. Ho synte seg å vere fotterapeut, og ho brukte ein time på bandasjering og instruering. Ho forbetra innlegget i støvlane med skumplast, og bannlyste all Compeedbruk i kjøtsår.

Resten av turen la Erling kvar kveld  på nye kompressar. Det var ikkje godt å gå på  såra, men det er utruleg kor stor bedøvingsverknad det har å trakke eit par kilometer. Etter det kjenner du ikkje så mykje. Kviler du litt lenge, må prosessen gjentakast. Vi hadde for resten kontakt med Ellen på store deler av resten av turen, og kunne søkje litt råd. Men ho slapp å bandasjere meir enn den eine gongen. Ho og mannen var dei siste pilegrimane vi såg før vi sette oss i drosjen til flyplassen i Santiago. Ho fekk ein skikkeleg varm klem, og ei forsikring om at eg gav henne æra for å ha nådd fram.

Erling var lite plaga med blemmer og sår, men han fekk senebetennelse så leggene hovna opp. Mindre spektakulært enn opne sår, men sikkert like vondt.

Både Erling og eg fekk eit par dagars magesjau. Erling fyrst, og han fekk ikkje ned mat på to dagar. Om kvelden andre dagen følte han seg frisk, og bestilte middag. Etter litt små-eting gjekk han i golvet. Ein tysk dokter ved nabobordet fekk han opp att, og sende han til sengs, etter nokre pulskontrollar og intervju. Dokteren forsikra at slikt måtte ein rekne med etter ei todagars-faste, og at ingen ting feila. Neste dagsetappe på vel 30 km. gjennomførde han i god stil. Nokre dagar seinare var det min tur, men eg slapp lettare, endå om eg hadde ei søvnlaus natt med feber. Eg skalv så jenta i køya over neppe sov særleg godt. Tempoet på vegen var ikkje stort dei to dagane, men vi heldt normale distansar.

 

Høgdepunkt 

Høgste punktet på ruta ligg på 1 490 m. Der er reist ein høg stolpe med eit kors på toppen. Steinrøysa under har pilegrimar  bore med seg, og lagt ned, som ei symbolhandling. Steinen min var liten, og det var ei enkel handling, som eg likevel følte som ei oppleving.

På eit herberge i ein forfallen fjell-landsby bad den italienske vertinna pilegrimane om hjelp til å lage felles middag . Eg skar løk til salaten - . Under måltidet måtte vi alle reise oss og fortelje kven vi var og kvar vi kom frå. Det skapte ei intim stemning. Etterpå vart vi inviterte til eit lite kapell, der ho og medhjelparen gjennomførde ei enkel rituell andakt. Som avslutning sende ho rundt eit raudt glas med eit tent ljos i, og gav høve for den einskilde til å seie noko medan ein heldt ljoset i handa. Og brått stod vi tre nordmenn og tre danskar og bad Fader Vår saman.

På eit enkelt lite herberge sat mange pilegrimar på terrassen og prata utover kvelden. Vi la oss tidleg, men salen vår låg rett over terrassen. I det eg heldt på å sovne, starta der allsong . Det utvikla seg til fleirstemt song, eit par solistar melde seg på, og der kom mange pilgrimssongar. Ei verkeleg stemningsfull stund.  

Av naturopplevingar må nemnast den umåtelege blomeprakta i fjellet, etter at vi hadde passert den før nemnde krossen. Kjempestore lyngplantar (forvaksen røsslyng eller vårlyng?) var dekka av raude blomar, og heile fjellsidene lyste raudt.

Vi kom til målet ein laurdag i tre-tida. Det var ikkje noko høgdepunkt, for veret var dårleg, og vegmerkinga mangelfull, så det vart eit lite antiklimaks å måtte leite seg fram til katedralen. Men vi fann både han og pilegrimskontoret, og la fram passet med 33 stempel, og vart spurde om vi hadde gått heile vegen. Vi trong ikkje tøye sanninga, for vi hadde ikkje vore inn i ein bil etter nattbussen til Oslo.  Pilegrimssertifikatet vart tildelt der og då. Dagen etter var det pilegrimsmesse i katedralen, slik det er kvar dag kl. 12.00. Ingen namn vart opplesne. Det vart derimot ei liste (på spansk) som fortalde kor mange pilegrimar som var komne frå dei ulike startpunkta siste døgnet, og kva land dei kom frå. Vi var mellom dei tre nordmennene som hadde starta i St. Jean Pied de Port.

Og etter messa var vi ned i krypten og såg relikvieskrinet, og vi vandra bak høgalteret og omfamna statuen av St.Jakob, to ”obligatoriske” handlingar for pilegrimar. Men det store røykjelsekaret som katedralen er så kjend for, var ikkje i funksjon. Berre tauverket hang der, unytta.

Og så reiste vi heim att, båe med ca 10% mindre kroppsvekt, og nesten for sårbeinte til å ha glede av 17.mai-toget dagen etter heimkoma.