Sykkelrekord Norge på Langs

I motsetning til andre høgt profilerte rekordforsøk sykla Robert åleine og utan støtteapparat, med unntak av sambuar Lena som sat med kart og telefon heime. Det er få som har sykla fortare, og truleg ingen som har gjort det åleine.

Tekst: Lena  Vatsaas

Robert Vatsaas sykla Nordkapp - Lindesnes på sju dagar!

Sommaren 2000 brukte voldingen Robert Vatsaas sju døgn og ni timar på å sykle dei 2607 kilometrane frå Nordkapp til Lindesnes.

Han sykla åleine, utan følgjebil og sponsorar, og var forfølgd av forferdeleg ver heile vegen! Frå Trondheim til Lindesnes gløymde han å ta kveld… 

På den strabasiøse turen vart det heller ikkje mykje søvn. Det førte til at han sovna to gongar på sykkelen. Då bar det rett i veggrøfta, men det gjekk heldigvis bra. Då han landa på flyplassen på Volda og Ørsta lufthamn, vart han møtt med ein delegasjon med blomebukettar, leia av sambuar Lena. Då han kom ut frå flyet kjende ho han nesten ikkje igjen. Han hadde vorte radmager og det første ho spurde om var: ”Kvar har det blitt av beina dine?” Lena fungerte som kartlesar, psykeekspert og sekundant pr mobiltelefon, og ho registerte alle dagsetappane -i overkant av 370 km pr. dag.

Turen var nesten ikkje planlagt, flybilletten nordover vart bestilt nokre dagar før avreise. Oppakking hadde han ikkje, berre ei lita sykkelveske frampå styret. Kle hadde han minimalt med. Etterkvart vart sykkelskorne for tronge, for dei hadde han lånt med veslebroren sin for han rakk ikkje å kjøpe seg nye før han reiste. 

Forfølgd

Turen starta 3. juli sommaren 2000. Klokka sju om morgonen byrja sykkelturen på  Nordkapp-platået. Første kilometerane var det finvêr, men så byrja det å høljeregne. Og det heldt det i grunnen fram med heile turen. Han hadde håpa på finvêr lengre sør om ikkje anna, men styggveret forfølgde han…

Robert starta to døgn etter ein Oslo-gjeng på ni syklistar og ein følgjebil. Desse fekk finvêr, og kom til Lindesnes etter fem døgn og tre timar. Men soloryttaren og hardhausen frå Volda trassa iskald vind og regn, og tok ikkje første pausen før han hadde sykla 24 timar! Då hadde han lagt 52 mil bak seg, og var komen fram til Skibotn i Troms. Første natta sov han godt, heile seks timar… 

Bakke opp og bakke ned

Det var nok ikkje for naturopplevinga han tok denne turen, for det var ikkje snakk om å gle seg over landskapet og naturen. I andre etappe sykla han i tolv timar og 25 mil til Narvik, og deretter ei like lang økt ned til Fauske. I Nord-Noreg er det fjellovergangar i eitt sett, det var litt uventa for han hadde ikkje studert kartet noko særleg før han reiste. På desse etappane held uveret fram med skikkeleg pøsregn og motvind. Elles var det slitsamt å sykle bakke opp og bakke ned. Men som han sa sjølv då han kom heim: ”Eg måtte prøve å sykle slik at eg ikkje vart gåen”!!! For han gjekk ikkje tom ein einaste gong på heile turen, sjølv om han sleit litt med motivasjonen til tider i styggevêret. Det var her han merkte at dei lånte skorne var for små. Beina hovda dessutan opp, og då kom smertane.

Neste etappe var til Grong i Nord-Trøndelag og denne gongen tok han nok ei 24-timarsøkt. Over Saltfjellet var det isande kaldt, og det var då han fann ut at han hadde på seg for lite kle. Ekstra kle hadde han ikkje med.

Femte etappe gjekk til Trondheim. På den etappen var det så mykje motvind at han måtte krype til korset å kjøpe seg ei ekstra jakke, og han smurde inn jakka si med vaselin slik at den skulle halde regnet ute. Elles vart fellesferien eit problem i Trondheim. Alle hotellrom var opptekne og hans stressa rundt i to – tre timar før han fann eit ledig rom. Det vart fire timars søvn før han tok til på det som skulle bli siste strekket: Trondheim – Lindesnes. 

Sør-Noreg

Tanken på kor mildt det skulle bli sør for Trondheim heldt han oppe i Nord-Noreg. Men der tok han feil. Det var like kaldt, og verre somme stadar. Han trakka seg oppover til Hjerkinn i den einaste medvinden på heile turen, og gledde seg til trille nedover bakkane mot Lillehammer. Men den gong ei, for vêret spela han igjen eit puss: Frå Hjerkinn og sørover var det så sterk motvind at han fekk svært avgrensa glede av terrenget. På laurdagsnatta stoppa han på Lillehammer, åt og kvilte seg ein time. Vidare gjekk det i eitt til Oslo.

Då han kom til Sinsenkrysset måtte han ringje heim til sambuaren for å høyre kva veg han skulle ta…Han hamna på motorvegen og fekk ganske mykje kjeft av bilistane. 

”Daud ” mann

No var smertene i tærne kroniske. Då han hadde det som verst, la han seg ned veggrøfta med føtene til vers. Det var ingen som stoppa, trass i at det låg ein ”daud” mann i vegkanten. Sjølv om smertane var store,  såg han lyst på fortsetjinga av turen, han skulle jo ned til ”det varme Sørland”. Men fortsetjinga vart tøff. Temperaturen var åtte grader og landskapet var einsformig. Vêret var så nedpsykande at då han kom til Larvik om natta, måtte han berre innom eit hotell for å tine seg oppatt og få ein time søvn i resepsjonen. Litt seinare på denne natta sykla han til Arendal. Natta til måndag vart kanskje den kaldaste på heile turen. Klokka fire måndag ettermiddag 10. juli kom han fram til Lindesnes. 

Etter å ha sykla dei 260 mila, kunne han etter ein legesjekk slå fast at kroppen var ganske fin, berre hovne bein, 8 kilo tynnare og sliten i knea.

Og som den beskjedne hardhausen sa sjølv: ” Ein heilt grei tur”…

 
  
 
Nordkapp
 
Våt rein
 
Nordland var bakke på bakke
 
Robert merkar kjøret.. - I Nordland..
 
Lindesnes fyr. (Sjå de beina....)