 |
Glimmerdal-Tussa-Hellesylt
Lisje Eidskyrkja
Bakvegen til Saudehornet
Blåfjell-Kvandalshesten
Liadalsnipa Vinter
|
Favorittar
på Sunnmøre |
Her er nokre favorittar på snø. Skal bli eit utval av fine
turar og raritetar som ikkje finnes i rutebøker. - Eller som
gir litt ekstra. Ingen ruter er vanskelege, men nokre krev isøks,
stegjarn og kanskje litt sikring. |
| |
|
Grøndal
- Glimmerdalshytta -Tyssenaustet - Tryggestad |
|
|
Lang, tung og fin tur i uoppdaga skiterreng.
Du held høgda over fjellrekka og utsikta aukar mens du plukkar stadig
større toppar undervegs. Stegjarn og isøks kan
trengast.
Frå Grøndalen går du to og ein halv time til den spesielle
Glimmerdalshytta. Den var bygd tidleg på 1900-talet for å utvinne
glimmer. Etter restaurert på 80 og 90-talet er hytta i god stand,
men den kan vere dekt av snø. Hytta er ulåst, men du bør betale for
opphaldet. Osdalens Glimmercompagni: Odd Inge Osdal.
Neste dag er tung. 2000 høgdemeter og 25
km. Rekn med 10 timar.
Først lett stigning til Otredalsfjellet. På andre sida unngår du bratte
hamrar ved å halde litt mot Kalvatn mot Otredalsskaret. Over Kviven er
det greitt, men du må svinge forbi småknausar ned til Kvivsskaret. Så
blir det ei kneik opp til Høgenibba før det er slakt vidare til Gjura.
God utsikt. Så kjem ei fin nedkøyring bak Skipedalen til Kråpet, ei smal
fjellkløft. Følg
ryggen av Gjura litt nord mot Skipedalsvatnet for å unngå knausar ned mot
kløfta. Så er det opp 100 høgdemeter i 45 grader bakke på berg. Her kan
vere fonn eller utglidingsfare. Greitt skiterreng opp ryggen
til Lisjehornet og vidare i terreng til Blåbrehornet før du rundar ned til
Blåbreskaret under Storhornet. (Mulig retur til Rørstad) Den siste
bakken til Storhornet er seig så seint på dag. Så kjem eit knep utfor
Storhornet. Sikt mot Bjørkehornet og finn kanten ned mot egga søm fører
dit. Her kan vere skavl og ei bresprekke, men vanlegvis er det OK i
skisesongen. Følg egga mot Bjørkehornet
før du svingar ned i Tverrelvdalen. Her kan også vere sprekker. Fint
nedrenn. Hald på sørsida ved utløpet av dalen for å kome trygt ned
til demninga ved Tussavatnet. Tyssenaustet er ei koseleg ubetjent
DNT-hytte.
Om det er futt i beina neste dag vert
turen komplett ved å gå over Kvitegga: 6 timar. Kryss det oppdemte
Tyssevatnet mot Blådalen. Forsiktig på iskanten. Der er små kneiker, men
greitt opp til Blåbrevatna. Herfrå kan ein sette av to ekstra timar til
ein tur over Trollaksla til Horningdalsrokken. Den ser kvass ut, men
vanlegvis går ein heilt opp på ski. Frå Blåvatnet held ein på vestsida
av Kvitegga til "Brattebakken" som fører opp på topplatået. Her møter du
gjerne første menneska på turen. Så sklir du sørover Kvitegga
før du rundar over "1597" og sør om Blånibba til eit fantastisk nedrenn
gjennom Snødalen til Tryggestad. Skal du til Volda/Ørsta er det
enklast å ta ei Hellesylt-drosje til Leknes. Eller du kan ta den tyngre
nedturen til Bjørke. |
|

Storhornet, 1575 og Blåbrehornet frå Veslehornet
 
Brattebakken og Glimmerdalshytta

Tyssevatnet er nedtappa om våren

Kvitegga mot Storhornet.
Rute via egga
til høgre og ned solsida. |
 |
|
Kveldslys over Austefjordfjella |
OBS: Du treng eit skikkeleg kart. |
Kråpet |
|
Enkelttoppane er betre skildra av Iriss |
| |
|
Ein hyggeleg Austefjordtind som altfor
mange passerar på veg til Eidskyrkja. Lett og variert, god utsikt og
alpin følelse. Muligheit for bratt nedkøyring.
Normalvegen: Køyr bomveg til Skinnviksætra på sørsida av Austefjorden.
Følg ruta mot Eidskyrkja, men når du har passert Storetua ved foten av
LE dreiar du mot vest og siktar mot skaret bak LE. Siste stykket bør du
vurdere skredfaren. I skaret kan du sette att skia om du skal same
veg ned. Vurder isøks om det er hardt. Herfrå er det 5-10 minutt fram
ein grei rygg /egg til du når den vesle flata på toppen. Ei kort egg
fører ut til den luftige vesttoppen.
Austegga: Kjekk egg som går direkte frå Storetua. Fin utsikt heile
vegen. Det meste er greitt å gå med isøks og ein skistav. Stegjern hvis
hardt. Det er knausete oppover, hindringane kan ein stort sett unngå på
høgre side. Langt oppe smalnar egga inn og du må klyve litt før du går
siste stykket til topps.
Nordflanken: 40-45 grader snøbakke vest for toppen.
Gå litt mot Storetua før du dreier vest mot skaret mellom Måsegga og LE.
Vurder rasfare i snøflanken, denne sida får lite sol. Kan løne seg å
bære skia opp. Når du er ferdig med bratta står du ved hjørnet under
vesttoppen. Så blir det artig å runde hjørnet og klyve opp rennene du
finn her. 50 meter til topps. Ta med isøks og ev. stegjarn.
Nedkøyring: Austsida heller opp til 40 grader. Om du køyrer frå toppen får du
500 bratte høgdemeter. Sola tar godt, så snøen blir tidleg stabil. Skinnvikdalen er lett.
Nordflanken er litt brattare, men ikkje så lang, før ein får eit fint
nedrenn til sætra. I Nordveggen har det vore køyrt to bratte renner,
rett ned under toppen. Sjå artikkel av Stig Helset på
Hjørundfjordportalen.
Om sommaren er det vanleg å kombinere LE med det luftige Tårnet (1300).
Denne er skildra under "Turmerket". Tårnet er krevjande på vinteren.
(Det har faktisk også vore køyrt på ski!)
 |
|

Lisje Eidskyrkja, Tårnet bak

Normalveg, austsida og Austegga.

Knep på Austegga |
Ned normalveg.
Toppen | |
|
| |
|
Saudehornet er eit klassisk fjell i
Ørsta, og nedkøyringa på sørflanken er gedigen. Men turen opp
gjennom Skåla blir fort einsformig. Ein vårskitur bakvegen gir ei heilt
anna og flott oppleving sidan terrenget skiftar veldig.
Start frå Nupen, eller køyr Sætrevegen mot Mosætra til
Nupadalen om den er open. Kryss elva på den støypte "undervassbrua" og
finn stien. Med snø følgjer du terrenget på austsida av elva,
gjennom eit kort stykke open skog. Når skogen er passert ser du neste
etappe som går opp eit markert dalsøkk nord for pinaklane bak
Saudehornet. Kryss elva og gå opp denne lange sida. Vurder skredfaren,
her er slakare enn framsida, men snøforholda kan vere annleis. Når
du kryssar skaret på 1050 meter kjem du inn på breen bak toppen. Herfrå
siktar du mot lågaste punkt på austegga av Saudehornet. Her er det fint,
med flotte pinaklar og gode motiv.
Du kjem over egga like aust for toppen. Enkelte år går
du over og til topps på ski, men andre gangar må du klyve to-tre
meter opp på berg før du rundar egga og brukar isøks og stegjarn om det
er hardt. Ned att kan du gjerne ta framsida og
få ein fin rundtur. Same veg tilbake kan gi flott køyring, og du
slepp å hente bil i Nupen. |
|

Skåla og sørflanken

Austegga og Vassdalstind |
 |
 |
|
 |
Du kjem over egga ved pila |
Frå Vassdalen. |
|
Kryssing av skaret |
|
|
|
|
Nabofjellet Snøhornet er populært, men like ved ligg ein flott og lite
påakta rundtur der ein heile tida har flott utsikt. Først til Austefjord, så
Bondal og Åmdal. Variert, med litt luftige punkt, god utsikt og fine
nedrenn. Best når snøen har smelta i skogen. Berekn 8 timar. Isøks,
ev.
stegjarn.
Start
frå gamleskulen på Årset. Følg skilta sti til Litlesætra der du ofte kan
ta på skia. Kryss Aurstaddalen til elva som kjem frå Kløftadalen og sikt
opp den bratte sida sør for elva. Når du kjem forbi dei første brattene
dreiar du sørover mot det markerte hornet mange kallar Nausane. (ca
1050). Her er gedigen utsikt over Austefjorden, særleg mot Årsetøya og
Aurstad som ligg rett under. Så byrjar ei lang vandring over eggene, der
du kanskje må bære skia. Når du har passert Blåfjellsegga blir det smalt
eit stykke. Vidare blir det
god plass mens du dreiar mot Kvandalshesten. Når du nesten er framme
blir det bratt eit lite stykke ned i vestsida før du held høgda bort
under tindane. Alle er greie å nå med isøks og ev. stegjarn, og frå dei
luftige toppane ser du ned dei ville floga mot Kvandalsvatnet. Så tar du
skia og prøvar å halde farta fram mot Blæja, der det er god utsikt ned i
Bjørdalen. Så siktar du mot Aurstadnipa (Litledalshornet) og tar på
fellane for siste kneik. Her er fint skiterreng, men luftig utsikt langs
stupa mot Litledalen. Frå toppen kan du svinge bratt ned mot Kløftadalen
eller renne slakkare lengre inne i dalen. Nedrennet til Aurstadsætra er
uansett fint. Returner same veg til Årset, eller ta den bratte stien til
Aurstad. (Du kan også starte der, men må
bære skia lengre) |
|
Aurstadnipa Kløftadalen, Blåfjellsegga
Kvandalshesten
|
|
|
|
|
 |
 |
|
 |
Austefjord. Sunndalsnipa, Eidskyrkja. |
Blåfjellsegga,
Årsetøya |
|
Blæja mot Ørsta |
|
|
|
|
Normalvegen på Liadalsnipa er krevjande om
vinteren og fjellet er lite besøkt. Men når snøen legg seg dukkar det
opp ei spennande snørenne på sjøsida.
Start frå Sandtaket i Rindane der du ser opp i kløfta
aust for toppen. (Midt mellom Lystad og Håvoll). Der er ingen sti i
oreskogen, men nedanfor kløfta er det opning etter ei fonn. Under kløfta
tar du fram isøks og stegjarn og gjer deg klar til 600 meter med stive
leggar. Så nær sjøen er det ofte lite snø, men vær obs på rasfare.
Utgliding er godt muleg heile vegen. Stigninga er vel opptil 50 grader. På det smalaste tar du i bergveggen
på begge sider. Halvvegs oppe vidar kløfta seg ut og blir litt slakkare.
Så blir det brattare og smalare mot lågaste skar aust for den kvasse
austegga. Her møter ein "normalruta" over egga, men med
snø er det naturleg å sikre.
Alternativ tur, eller retur: Start frå Halse, gå forbi
vatna til Nipasletta aust for toppen. Rappeller ned i skaret og
klatre austegga. Vurder å henge igjen rappelltauet for enkel retur same
vei.
|
|

 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| | | |
| | | |
| | | |
| | | |
|