| ||||
TrollTroll er Norsk Polarinstitutt sin forskingsstasjon i Antarktis. Vi var seks engasjerte for overvintring i 2007, det første året med ordinær drift. Webcam v/NPI - f5 for oppdatering
Sjå satellittfoto. - Zoom inn for detalj. (Du må ha Google Earth) Troll
var bygd som ein enkel sommarstasjon i 1990. Den første overvintringa
skjedde i 2000 då Norsk Sydpolekspedisjon fekk bruke stasjonen som
utgangspunkt for turen. Været er nesten alltid fint. Antarktis er kaldt og tørt, og sjølv om 94 prosent av verden sitt ferskvatn ligg lagra i isen har det meste av kontinentet ørkenklima. Troll har 25 kuldegrader som årsgjennomsnitt, men på ein normal sommardag med steikande sol og ekstremt tørr luft merkar ein lite av 10 kuldegrader. Temperaturen kan nå opp i null om sommaren, og gå ned til minus 40 om vinteren. Enkelte stormar gjer uteaktivitet umulig, det kan skje heile året. Mørketida er omlag som i Nord-Norge.
Dronning Maud Land er forma som eit svært kakestykke med ein butt spiss mot Sørpolen. Området er norsk biland, det vil seie at Norge gjer krav på området, men at det ikkje er anerkjent internasjonalt. Seks andre land har liknande krav, mens 44 har signert Antarktistraktaten. Antarktis er ikkje del av noko land, så det er traktaten som regulerer bruken. Den har mellom anna strenge miljøkrav og forbod mot militær aktivitet. Ved Troll har det vore forska innan glasiologi, geologi og klima. Breane i Antarktis fungerer som klimaarkiv, sidan innlandsisen inneheld luft frå opptil ein million år tilbake. Endringar i ismassen seier også mykje om klimaet. På nye Troll har Norsk institutt for luftforsking eit større anlegg. Her er dessutan meteorologisk stasjon, levert av Meteorologisk Institutt og utstyr for stråling og bakketemperatur. Utstyr frå British Antarctic Survey er plasserast på Troll mens engelskmennene byggjer ny stasjon. Bistasjonen Tor ligg ved Svarthammaren, 100 kilometer frå Troll. Her studerer ornitologar verdens største koloni av antarktispetrell, ein sjøfugl som flyg langt inn i landet for å hekke. Det same gjer snøpetrellen, mens sørjoen lever godt på dei andre. Den nye flyplassen gjer logistikk ved forskingsprosjekt enklare og i det Internasjonale Polaråret 2007-2008 er Troll utgangspunkt for ein sydpoltravers i samarbeid med USA. Det skal mellom anna borast iskjerner i nye område på veg til Amundsen-Scott basen. |
Trond Løvdal. Hårek Bartnæs. Ola Storrø. Odd Arne Røst. Johan Hustadnes. Leif Morten Tangen.
| |||
|
|
||||
Ved Troll airfield Basler, modernisert DC3, 1943-modell Slik kan også sommarværet bli Containeren blåste opp eit brefall og fortsette 4 km Innreise. 7 timar med Ilyushin Il-76 frå Cape Town til russiske Novo Linkar
Atle om Troll (Overvintrar 2008)
Øystein sin blogg om Troll
Geir om Troll (Overvintrar 2008)
Heidi om Troll (Overvintrar 2008)
NRK om IPY-traversen i polaråret
Norwegian-U.S. Scientific Traverse of East Antarctica