| ||||
Transport frå ShelfenShelfen er iskanten som omkransar Antarktis. Her møter besetninga ved Troll båten som kjem med forsyningar om sommaren. Etter nokre dagar med sterke naturinntrykk og hektisk lossing startar transport av opptil 1000 tonn forsyningar.
Troll ligg 280 kilometer frå losseplassen. Sommarsesongen startar først i november og tida fram til anløp går stort sett til å forberede transport. I den perioden blir sprekksonene gjennom hengsslingssona mot shelfen sikra mens trakkemaskiner, bandvogner og sledar blir klargjort. Tida for båtanløp vert bestemt av når havisen rundt kontinentet løyser seg opp. Vanlegvis har isen minka nok tidleg i desember og når båten nærmar seg køyrer ein ut med drivstoffcontainere og returgods. Farta er lav, normalt 15 km/h, så det tar to 12-times dagar å køyre dei 28 mila. Ruta er etablert i områda som har minst bresprekker. Derfor kjører ein først 40 kilometer langs flotte fjell opp til 1700 meter før ein bryt av mot kysten. Neste dag er det berre kvitt, men vi skiftar kurs med nokre times mellomrom for å unngå sprekkområder. Gjennom hengslingssona svingar ruta mellom enorme sprekker som kan bli opptil 100 meter djupe. Dei blir kryssa på tvers der dei er smalast, mens ein brukar trakkemaskiner til å fylle snø i sprekka ved kryssingspunktet. Så kjem ein ned på shelfen, ein 200 meter tjukk isbrem som flyt 50 kilometer utover havet. Den endar i eit 20-30 meter høgt skinnande isstup. Båten brukar eit lavt punkt på shelfen som kai. Innanfor losseplassen ligg ei bukt med havis. Der kryr det av pingvin, både den vesle og nysgjerrige Adèliepingvinen og den største pingvinen, den majestetiske keisarpingvinen. Adèliepingvinen kjem på inspeksjon så snart vi viser oss. Det er ei pussig oppleving å møte ein flokk pingvin utanfor teltet. Keisarpingvinen er stoltare, den gir stort sett blaffen i oss og held seg ved sjøkanten. Pingvinane tar også lange streiftog innover, dei kan tasse rundt mange mil frå sjøkanten. Vi kan også møte på weddelsel med ungar, dei er like uredde som pingvinen. Turen tilbake til Troll går endå saktare enn den ut. Med 3 sledar kan lasset bli opptil 40 tonn, då held kolonnen vanlegvis 12 km/h. Er lasset for tungt kan det bli spennande i dei lange bakkane, og når trakkemaskina først spinn seg ned skjer det fort. Kor mange turar det blir vert bestemt av størrelse på lasta og kor mange maskiner ein har. Sommaren 2006-2007 til 2007 kom det inn tusen tonn forsyningar og diesel, det kravde åtte turar. Sommaren 2007-2008 er det lite byggeaktivitet, så lasta er halvert, men med fire bandvogner på veg til Sydpolen kan det bli like mange turar på dei som er igjen.
|
"Det går ikke så fort, men det går ganske sakte..."
Keiserpingvin
Shelfen
Adèliepingvin
|
Lossing på shelfen Keiserpingvin Isfjell Unge av weddelsel Adèlie og keiserpingvin
Keiserpingvin
Adèliepingvin