Tor        Friluftsliv        Mørketid        Shelfen        Trolltind-traversen        Risemedet

Sørsommaren 2010-11                

Denne sommaren var eg hovudsakleg i transportteamet som fraktar forsyningar frå Shelfen til Troll, men det mest interessane var forskingstoktet ICE Fimbulisen.

 Her er eit subjektivt utval frå sesongen.

Vi skulle inn med første fly til russiske Novo, men med dårleg vær vart det to ekstra dagar i Cape Town før vi gjekk ombord i ein smekkfull Ilyusjin 76. Dei neste sju timane var tronge og varme, men vi fekk kjølt oss då vi landa på russiske Novo i minus 13 og kuling.

Fimbulisen
Troll vart vi møtt av eit hyggeleg vinterteam, og var snart i gang med klargjering til transport. Ei veke etter oss kom Fimbulgjengen og dei neste tre vekene jobba eg med dei. Først ei veke klargjering og så to veker i felt. Vi køyrde den vanlege ruta mot losseplassen og hadde ei fin økt med breøving i hengslingssona. 
Då vi var nede på isbremmen Fimbulisen og tok vestover starta Kirsty Langley og Elvar Ørn Kjartansson radarmålingar. Dei målte istjukkelse og ny posisjon ved masse fastpunkt som var plassert der året før. På isbremmen hadde dei gjerne flytta seg rundt 50 meter, men på breelva Jutulstraumen kan bevegelsen være 1000 meter i året, altså 3 meter per dag! Slike breelver kan samanliknast med store elvar på andre kontinent, og hensikta med prosjektet er mellom anna å finne ut om isbremmen minkar, og i så fall om mindre motstand fører til at meir innlandsis forsvinn.

Jutulstraumen
På vei vestover følgde mekanikar Kjetil Bakkland radargjengen, mens ekspedisjonsledar Stein Tronstad, oseanograf Tore Hattermann og eg gjorde ein avstikkar for å finne ein målestasjon som var seinka ned under den 300 meter tjukke isbremmen året før. Tore var glad for å kunne laste opp data for eit år, så bytta vi batteri og grov ned loggeutstyret. Neste dag møttes vi igjen, og fortsette til skjærsona ved Jutulstraumen.

 


Her, i overgangen til hurtigflytande is blir det store sprekkområde, og vi var spente på kor mykje det ville hindre oss. Året før hadde dei mykje arbeid med ruta, mellom anna med ein slede som vart hengande på langs av ei sprekk. Vi hadde god nytte av ein parallellforskyvd versjon av deira rute, kombinert med ferske satellittfoto og breradar. Vi møtte ein del større sprekker, men stort sett fann vi passeringar i nærheita og var gjennom på få timar. Til slutt passerte vi "the day after tomorrow-sprekka", ei sprekk som gjekk så langt vi kunne sjå i begge retningar. Så var vi inne på Jutulstraumen, der isen flyt jamt, og det er lite sprekker. Vi slo leir ved ein ny målestasjon midt på Jutulstraumen, radargjengen jobba resten av sesongen frå den basen. Neste dag kjørte Tore og eg snøscooter til den siste målestasjonen, nær fronten av Jutulstraumen.

 

Heim
Dei andre vart ein månad til, men no skulle Tore og eg heim. Vi hadde litt arbeid undervegs, så i tillegg til fjelltelt og leirutstyr pakka vi verkty, generator, boreutstyr og  300 liter bensin. Kjetil og Stein brukte ein dag på å frakte oss gjennom skjærsona, og så var vi på tur. Det er ein heilt annan følelse å reise lett på scooter enn å sitte i bandvogn, der ein nærmast har med sin eigen landsby. Det er flott å være på tur, men det er ikkje berre moro å køyre scooter i Antarktis. Det er stort sett flatt, med knallharde skavlar, så ein blir ganske mør, sjølv om farta sjeldan passerer 35 km/h.
Neste morgon var været flott, men med ein del snøfokk. Det kom heldigvis rett mot oss, då stoppar vindskjermen det meste.  Denne dagen køyrde vi til ein værstasjon som fekk nytt batteri og eit solcellepanel, før vi fortsette til Shelfen.

Dagen etter vakna vi til knallvær. Vi skulle måle tjukta på havisen, så etter frukost fann vi ei snøfonn som tok oss forbi isstupet ved fronten av isbremmen og ned på havisen. Der gjekk det ikkje lenge før vi fekk selskap. Motorduren hørtes nok under vatn, for snart plaska det ved iskanten og ein flokk keisarpingvinar buklanda på isen og sklei mot oss. Denne største, og sikkert flottaste av pingvinane har ingen fiendar på land, og kvidde seg ikkje for å inspisere arbeidet vårt, som den kommenterte med snadring og trompetstøyt.
Arbeidet gikk lett, sola steikte og pingvinane kom stadig nærmare. Det vart ein fantastisk dag, men alt har ein ende. Tore såg muligheita for å spare tre veker ved å nå eit tidlegare fly, så same kveld var sprekkene i hengslingssona passerte, og siste dag gjekk dei siste 20 mila til Troll greitt. Etter 60 mil på harde skavlar nådde vi akkurat avslutningsmiddag for overvintrarane. Flyet skulle gå neste kveld, men midt i festen kom beskjeden om avreise same natt, så slutten kom fort for både Tore og vintergjengen.

Lossing, transport og stasjonsarbeid
For min del vart det tre dagar på Troll før turen gikk til Shelfen igjen, for lossing. Heldigvis var russiske Ivan Papanin skifta ut med danske Mary Arctica, det var ein opptur på alle måtar.
Losseturen tok 9 dagar, deretter gikk vi i tturnus, med to grupper. Ein normal tur tek seks dagar, då går det omlag ein dag til lasting av gods på Shelfen, resten av tida til å køyre 28 mil kvar vei. Farta er berre 12 km/h, men kvar maskin dreg 30-40 tonn, så ein får med 6-700 tonn på ein sesong.

På stasjonen var det ikkje byggearbeid denne sesongen, så vi kom à jour med ein del vedlikehald på bygg, kjøretøy, kraftverk og sledar, mens NILU tok service på sin stasjon og KSAT monterte nye radonar. Utanom dette jobba vi med flyplass, og diverse støtte til forskarar. Mellom anna brukte danske Icegrav fasilitetane til å gjere gravitasjon og radarmåling frå fly, langt inn mot polpunktet. Det var interessant å sjå profilane av innlandsisen, der store fjell ser ut som små skjær under isen. Polarinstituttet gjorde bakkebaserte radarmålingar, vi fekk mellom anna vite at Troll Airfield har 600 meter is i eine enden, og over 1200 i andre. - Altså havnivå!

Svarthammaren
Landmålarane Gudmund og Yngve gjorde detaljkartlegging ved Troll, mellom anna med tanke på framtidige bygningar, og eg fekk den trivelege jobben som hjelpegutt/sikkerheitsansvarleg då dei skulle kartlegge fuglefjellet Svarthammaren, ved bistasjonen Tor.
Vi køyrde dei ti mila til Tor i snø og snøfokk, men vêrvarslet stemte, det vart fint om kvelden. Etter kveldsmat rekognoserte vi, og slo fast at heile aust og nordsida av Svarthammaren var tilgjengelig på scooter, mens vest og sør var vanskeleg på grunn av sprekker. Dei to neste dagane var været nydeleg, vi plasserte ut GPS referansepunkt og gjorde målearbeid langs den nye vernegrensa i sør og nord. Fjella i området er spektakulære, så det vart ein del fotografering undervegs. Det einaste som drog ned var stanken av tusenvis av døde petrell. Sørjoen, og kanskje vinden samlar fugl ved fjellfoten, og det ser ut som ei miljøkatastrofe der tonnevis av fugl rotnar i svarte vasspyttar.

Fjerde dag skulle vi gå vestsida som taulag, men med 15 minus og kuling vart det ein frisk start. Gudmund gjekk i midten og målte, mens Yngve og eg fotograferte punkta frå begge sider. Slik gjekk vi halve vestsida, men kombinasjonen vær og sprekker ga lite margin. Området er også vanskeleg tilgjengeleg, så vi konkluderte med at det var sjølvverna. - Resten vart målt frå satellitt.
Om kvelden var Gudmund og eg oppe i fuglefjellet for å sjekke 15 år gamle fastmerke. Vi såg tusenvis av antarktispetrell-ungar som venta på mat. - Eller på å bli mat, Sørjoen får området under fjellet til å likne ein slakteplass. Evolusjonen må ha gitt petrellen valet mellom flukt, gøymsle eller kvantitet. - Den tok det siste.
Siste dag returnerte vi til Troll, også no på GPS. - Kjempefin tur.

Konklusjon: Nok ein fin sesong på Troll.

          
Skjærsona. Foto: S.Tronstad.      Vegane i Norge er eigentleg ganske bra.
 

 

Keisarpingvin

 

Landmåling

 

Kaldt ved landing på Novolazarevskaya

 

Pakking til Fimbul, masse greier..

 

Sprekker bør passerast på tvers

 

Fastpunkt for GPS

 


Brelandmåling


Ilyusjin 76 på Troll Airfield
 

Kirsty sjekkar radarsleden
 
Inspeksjon
 
Av Keiserpingvin
         
   
Ja, han søv   Flyplassarbeid   Hektisk dag på Troll airfield
         

Breradar. Denne er for brei til bandvogn

Stein sjekkar sprekk i skjærsona


God plass

         

 

Leir på Fimbulisen   Scooterantrekk   Sitting duck/ Antarktis petrell unge.