Troll        Tor        Friluftsliv        Shelfen        Trolltind-traversen        Risemedet

Mørketid                  

På 72 grader sør, i 1300 meters høgd er mørketida omlag som på Nordkapp. Sola er vekk frå 17 Mai til slutten av Juli, men vi hadde vakkert skumringslys i 3-4 timar. Kulda kjem for alvor litt seinare og Juli-August er kaldaste perioden. Temperaturen ligg ofte på -25 til -35, men i dårleg vær kan den stige till  -15-20. Vi var også ned i -40.

 

Vi prøvde å ta mest mulig utearbeid før mørketida, men det gjekk greitt å være ute då også. Været er nesten latterlig fint, men ein må rekne med nokre stormar. 7 juni mangla vi berre ein sekundmeter på orkan. Huset rista og det var vanskeleg å ta seg rundt i leiren. Etterpå fekk vi arbeid med å rydde unna knallharde skavlar som blokkerte dører og begravde kjøretøy.

Det var fint å få med seg det flotte lyset midt på dag. Vi trena med ski eller joggesko, eller tok ei runde med fotoapparat. Nokre fjellturar vart det også, men aktiviteten vart redusert av kulde og korte dagar. Vi må også tenke sikkerheit, hjelpa er langt unna.

Inne er det  trimrom med sykkel, tredemølle, romaskin og tunge ting. Ellers gjekk mykje av fritida til telefon, bøker, video, badestamp, badstue, brevkurs eller internett. Innimellom produserte vi et nummer av den relativt useriøse "Trollposten".

Bistasjonen Tor, ved fuglefjellet Svarthammaren var brukt til helgeturar heile sesongen. Dit er det 100 kilometer, og vi kjørte snøscooter eller bandvogn.