Tor
Tor er bistasjon til Troll, og har
vore brukt til ornitologiske undersøkingar ved Svarthammaren, der ein
million antarktispetrell hekker. Dette er verdens største koloni, så
Svarthammaren har status som Site of Special Scentific Interest (SSSI) i
antarktistraktaten.

Iglo og
skur frå 1990. Container frå 1994.
Petrellen er i slekt med albatross,
men er på størrelse med norske måsar. I tillegg til antarktispetrell finnes
ein del snøpetrell, og ikkje minst glupske sørjoar som lever godt på dei
andre. Svarthammaren ligg 150 kilometer frå shelfen, så petrellen har ein
dryg tur for å hente mat. Mannefallet er også stort, når ein nærmar seg Tor
ser ein stadig meir fugleungar som aldri kom til havet, og ved Tor kan ein
sjå sørjoen samle saman ungane og på den måten ha ferskmat på lager. Fuglane
reiser nordover før vinteren kjem, så dei ungane som ikkje er flygedyktige
i tide ligg tynt an.
Vi brukte Tor som hytte, og ein
dugnadsinnsats gjorde denne praktiske men ukoselege containeren meir
triveleg å bruke. Vi kjørte vanlegvis snøscooter, men brukte bandvogn hvis
større ting skulle være med. Turen går 100 kilometer over breane, langs flotte
fjellkjeder og fantastiske luftspeglingar, men det kan være ein kald
fornøyelse om vinteren. Undervegs kjem ein opp i 1700 meter, der ingen fjell
skjermar for kulderaset frå sydpolplatået. Kulda, kombinert med risting på
knallharde skavlar gjer at det er godt å komme fram og få fyrt opp omnen.

Luftspeglingar er vanleg heile året |
|

Første byggetrinn

Cumullusfjellet

Scooter. - Fort og
kaldt


Bandvogn. - Sakte,
men komfortabelt |