Friluftsliv ved Troll
Mange av søkarane til Troll har friluftsinteresse. Naturen i
området er fantastisk, og nokre av oss gjekk tur heile året, sjølv om det
vart mindre om
vinteren.

Det flotte været gjer det triveleg å bruke fjella. Sommaren
er som ei norsk finværspåske, med dagtemperatur på -5-10. Det er nesten
alltid sol, og sjeldan vind. For ein toppjeger er det litt uvant at mange fjell ikkje er
namngitt. - Sjølv om mange nye navn vart vedtekne i 2007. - Artig å få sette
navn på kartet.
Toppane rundt Troll har ikkje snø, det gjer dei trygge i
forhold til bresprekker. Trolltind (ca 1900) og Trollguten (ca
1800) er dei luftigaste måla, mens Volkonskogo Gora (2014m) har den beste utsikta.
Buddamagen (ca 2000) er et flott mål, mens Grjotfjellet
(1650), gir flott utsikt på kort tid. Klovningen,
Trollhaugen,
Nonshøgda og Sofietoppen er også fine småturar, mens ein kan
variere etter ønske langs Trollryggen (?), bak stasjonen. Stabben
er eit gedigent landemerke, men dessverre uoppnåeleg, med loddrette stup på
alle kantar.
Ellers er her utruleg mange flotte fjell
på litt større avstand, men sprekkområda på breane vi må krysse gjer oss
meir forsiktige enn vi er normalt... - Ulykker skal ikkje skje. Men breane er
eit pluss også, det kan vere moro å utforske sprekker.
Men vi har lufta oss litt
Eit mål som peika seg ut var ”Brugda" (2377m.o.h) Vi valte å gå opp
framsida, innerst i Jutulsessen. Ei bratt og ufyseleg laus steinrøys førte
opp mot et skar med ein bratt snøklatt øvst. Her fekk vi ei behagelig
overrasking då vi kunne klyve på berg forbi snøen, så breutstyret fekk
vente. På 1850 meter, opna eit svært fjellområde seg, og vi gjekk på brear
over langstrakte fjellryggar mens utsikta auka. Då vi nærma oss brekuppelen
på toppen tok vi for sikkerheits skuld på tauet før den siste seige bakken.
Det var kaldt, men utsikt varma. Rart å sjå dei andre fjella så langt
ovanfrå. Her er det ikkje folk kvart år.

Neste tur starta likt, men
vart ein fin rundtur. Vi parkerte bandvogna i Jutulsessen og baska oss opp
den same bratta til platået. Herfrå brukte vi tau nedover ein lett
mistenkeleg bre, før vi sto i skaret bak gode gamle Volkonskogo Gora. Neste
bakke var seig, men 400 høgdemeter seinare smalna fjellet mot toppen. Utsikta
er som nemnt flott, og vi hadde ein behagelig pause i sola, sjølv om
termometeret på Troll viste 20 kalde. Til slutt braut vi oss ned den bratte,
men greie vegen til ”bukta” ved Troll. At bandvogna måtte hentast
rettferdiggjorde ei ny joggerute neste kveld.
Heilt på tampen av sesongen rakk Trond og
eg ein tur Risemedet, det høgste fjellet i området. Toppen er i
følgje GPS 2726 meter og ruvar godt over naboane. Her kan vi ha vore dei
første til topps. Turen gjekk opp ein "isskavl" med sprekker og deretter
vidare over store snøflater, heile tida i tau. Store sprekker i nærheita, men vi fann ingen der
vi gikk. Frå toppen hadde vi enorm utsikt, også innover polplatået.

|
|

Frå
Volkonskogo Gora. Desember og Juli.


Buddamagen og Stabben frå Brugda

Nyttårsnatt! Skygge av Trolltindane på
Nonshøgda og Sofietoppen

Ryggen mot Jutulsessen
360
Panorama video - Du må ha
Quicktime
På Trolltind
Ved Klovningen
Volkonskogo gora - Mot Troll
Volkonskogo gora
- På toppen
IPY traversen på Polplatået
Ved Stabben, utsikt over Jutulsessen
|